Sunnmøre Middelalderfestival

Datoer: 06.06.-07.06 2020

Sted: Borgundkaupangen, Ålesund

Hjemmeside: www.sunnmore.museum.no/

Sosiale medier: Facebook
Instagram #sunnmøremiddelalderfestival

Arrangør: Sunnmøre Museum.

Informasjon:
Målet og tanken bak var å bringa fram den spennande, men for mange ukjente historia knytt til mellomalderen på Sunnmøre. Gjennom festivalen ville vi føre publikum tilbake til kystbyen Borgund si storheitstid på 1200-talet. Borgund var datidas viktigaste handelssentrum mellom Bergen og Trondheim, ein møtestad for impulsar og varer frå hele den kjente verda.

At festivalen utspel seg på området der byen Borgund i si tid låg, bidreg til å skape ei autentisk ramme omkring festivalen. På festivalarenaen skal det vere leik og fysisk utfalding, lydar, lukter og fargar iscenesatt av gjøglarar og musikarar, riddarar og bogeskyttarar, handverkarar, kremmarar og buder med tidas mat og drikke. Alle element som skal til for både å forføre og tilbakeføre publikum til regionens mystiske og spennande mellomaldertid. Festivalen arrangerast kvart andre år; partalsår.

For mer informasjon, ta kontakt med: arve@mupsu.no Tlf 0047 90854062